Derwentwater

Derwentwater
innsjø
Land  England
Tilsig Derwent, Watendlath Beck, Brockle Beck
Utløp Derwent
Opphaldstid 55 dagar
Høgd over havet 75 moh.
Lengd 4,6[1] km
Breidd 1,91 km
Areal 5,2 km²
Middeldjupn 5,5 m
Største djupn 22 m
Volum 29 x 106
Kystlengd1 15,4 km
Koordinatar 54°35′N 3°09′W / 54.583°N 3.150°W / 54.583; -3.150
Øyar Fire større og ni små (13)
Kart
Derwent Water
54°35′00″N 3°09′00″W / 54.583333333333°N 3.15°W / 54.583333333333; -3.15
Wikimedia Commons: Derwent Water
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Derwentwater eller Derwent Water er ein av dei største innsjøane i Lake District nasjonalpark i Nordvest-England. Han ligg i Allerdale i Cumbria.

Innsjøen dekkjer delar av Borrowdale og ligg like sør for byen Keswick. Elva Derwent renn gjennom innsjøen. Han er om lag 4,5 km lang, 1,5 km brei og har eit areal på 5 km². På det djupaste er han 22 meter. Det ligg fleire øyar i innsjøen og ei av desse er busett. Derwent Island House er ein bustad frå 1700-talet og eigd av National Trust i dag.

Derwentwater er omringa av vakker natur med åsar (lokalt kalla fell) og mange av åssidene ned mot Derwentwater er skogkledde. Det går ein passasjerbåt på innsjøen. Fotturar i området kring innsjøen er òg populært.

Vegen Keswick—Borrowdale går langs austsida av innsjøen. Derwentwater gav namn til jarldømet Derwentwater.

  1. McNamara, Jane, Table of lake facts, Environment Agency of England og Wales, arkivert frå originalen 28. juni 2009, henta 30. mars 2010 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search